Translate

torsdag 7. april 2016

Aeolian sjal

Strikkar du ikkje Gro? Joda, heile tida.... det er berre blogginga eg ikkje har vore så ivrig på!

Eg var ute på langtur for nokre veker sidan. Lange flyturar egnar seg godt til strikking av tynne blondesjal. 100 gram garn held leeenge, og det tek ikkje noko særs plass i veska. Takk og lov for at det er lov å ta med strikkepinnar på fly!

Eg har strikka to ekstra repetisjonar av det midterste mønsteret for å få sjalet litt større. Eg gjekk tom for det rosa garnet, så eg brukte ein rest av noko kvitt til dei siste omgangane. Vart ikkje så verst trur eg.

Om eg skulle gjort noko annleis, hadde det vore å strikka med spissare pinnar. Om du ser godt etter, ser du at det er små kuler eller nuppar fleire stader på sjalet, og det var litt vanskelig å strikka desse med gamle strikkepinnar som er butte etter mykje bruk.





Mønster: Aeolian shawl av Elizabeth Freeman (gratismønster)
Garn: Silk mohair frå Sandesgarn
Pinner: 4 mm 
Lenkje til Ravelry: Aeolian shawl


1 kommentar:

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.